sastroe.blogspot.com
Hildegard: Innbyggjartreff i Eid i dag
http://sastroe.blogspot.com/2015/05/innbyggjartreff-i-eid-i-dag.html
Søndag 31. mai 2015. Innbyggjartreff i Eid i dag. Linken til Fjordabladet, mange bilder frå arrangementet:. Http:/ www.fjordabladet.no/innbyggartreffet-ein-suksess/. Eid kommune arrangerte innbyggjartreff i Operahuset i dag. Eid Pensjonistlag, Eid Seniornett, Eid Seniordans, Eid Frivilligsentral hadde stand i lag med mange andre lag og organisjasjonar. Ein triveleg ettermiddag i Operahuset. 31 mai 2015 kl. 23.49. Legg inn en kommentar. Abonner på: Legg inn kommentarer (Atom). Vis hele profilen min.
sastroe.blogspot.com
Hildegard: Søndagstur til Selje
http://sastroe.blogspot.com/2015/03/sndagstur-til-selje.html
Søndag 15. mars 2015. Ytre Fure, heilt ut mot Stadhavet.ikkje veg dit, berre ei rås. Sildegapet". Utsikt mot Mehuken vindmøllepark og Kråkenes fyr i sørvest. Bygda Drage. Her var det Vikingane drog båtane over Dragseidet til Leikanger. Når det var dårleg vêr over Stadhavet. Det har vore skyss-veg over dette eidet før i tida. Bautaen på "Kongshaugen". Her stod Olav Trygvason og tala til leiarane. For 4 fylke i år 997. "Sildagapet" i sør. Kong Harald var her på 1000-årsjubileet. Legg inn en kommentar.
sastroe.blogspot.com
Hildegard: Pensjonisttreff på Stårheim 15. juni
http://sastroe.blogspot.com/2015/06/pensjonisttreff-pa-starheim-15-juni.html
Tirsdag 16. juni 2015. Pensjonisttreff på Stårheim 15. juni. Eid Pensjonistlag heldt pensjonisttreff i forsamlingshuset Fram på Stårheim. Vi vil prøve å skape litt interesse for laget ut i bygdene. Det var eit informasjonsmøte om pensjonistlaget med litt underhalding av visemakar Freddy, konf. - www.visemakeriet.no -. Vi serverte kaffi, rundstykker og sjokoladekake. Ein triveleg og vellukka ettermiddag i lag med pensjonistane. Legg inn en kommentar. Abonner på: Legg inn kommentarer (Atom).
sastroe.blogspot.com
Hildegard: Juli månad i regn og kulde
http://sastroe.blogspot.com/2015/07/juli-manad-i-regn-og-kulde.html
Torsdag 30. juli 2015. Juli månad i regn og kulde. Denne våren og sommaren har det vore mest komfortabelt å vere under tak, så hagestova har vore redninga vår. Plantane har lika seg best under tak, så det er første året eg ikkje har planta i verandakassene. Vi har for det meste halde oss heime, satsar på ein biltur over fjellet når fellesferien er over og skulane startar igjen. Legg inn en kommentar. Abonner på: Legg inn kommentarer (Atom). Ektepar, gift i 51 år, 3 barn, 11 barnebarn.
sastroe.blogspot.com
Hildegard: desember 2014
http://sastroe.blogspot.com/2014_12_01_archive.html
Torsdag 25. desember 2014. Fin julekveld for oss to pensjonistane. Julemiddag hjå Audny m/familie og avslutning på julekvelden hjå Stein Inge m/fam. 7-8 minusgrader og vakker vinternatt då vi køyrde heim. Kjekt når dei sju barnebarna som er vekke på skule og jobb kjem heime på juleferie og dei "elleve små" er samla igjen. Lettvint å møtast når ein bur så nær kvarandre her på N.eid. Hjå Hilde er det tradisjon at besteforeldra på garden feirar julekvelden i lag med dei. Ønskjer alle ei riktig god jul!
sastroe.blogspot.com
Hildegard: 1. mars og søndagstur "på gjengrodde stier"
http://sastroe.blogspot.com/2015/03/1-mars-og-sndagstur-pa-gjengrodde-stier.html
Mandag 2. mars 2015. 1 mars og søndagstur "på gjengrodde stier". Legg inn en kommentar. Abonner på: Legg inn kommentarer (Atom). Ektepar, gift siden 1964, 3 barn, 11 barnebarn. Vis hele profilen min. 11;Bøker. Gratulerer eldste døtra vår, Audny Møyfrid Strøm B. Kvinnedagen 8. Mars. 1 mars og søndagstur på gjengrodde stier. Vannmerke-mal. Drevet av Blogger.
sastroe.blogspot.com
Hildegard: Juni
http://sastroe.blogspot.com/2015/06/juni.html
Torsdag 25. juni 2015. Elin har feira 60 årsdagen sin sist helg. Her er ho som småjente i Torvika. Blid jente. I og med at ho var "attepåklatt", 8 - 10 - 12 år yngre enn syskjena sine, fekk ho etter kvart god trening i å passe nieser og nevøer. Her er det Audny ho er på trilletur med på Torvik-tunet. Utsikt frå "Sjåberget" til fyret og Olderveggen. Sauene beiter mellom svaberga. Vakker solnedgang, utsikt frå hytta den 21. juni kl 23.30. Tatt med doroen. 25 juni 2015 kl. 22.22. Elin T. Grov.
sastroe.blogspot.com
Hildegard: Aktivitetsdag
http://sastroe.blogspot.com/2015/05/aktivitetsdag.html
Lørdag 9. mai 2015. Stor aktivitet på Nordfjordeid denne helga, tydeleg at våren endeleg er komen. I dag hadde Eid Pensjonistlag sin årlege Aktivitetsdag i lag med andre org. og Eid kommune i samband med opning av den nye Klatreparken ved Fargarelva. Stor aktivitet, mange barn, foreldre og pensjonistar var møtt fram. Gratis servering av klatreparkbollar, kjeks, frukt m.m., saft til borna og kaffi til dei vaksne. Eit nydeleg vêr var ei fin ramme rundt arrangementet. Legg inn en kommentar.
sastroe.blogspot.com
Hildegard: Kvinnedagen 8. Mars
http://sastroe.blogspot.com/2015/03/kvinnedagen-8-mars.html
Søndag 8. mars 2015. Kvinnedagen 8. Mars. 8 mars - toget på Nordfjordeid i dag (klipp frå Fj.bl.),. I går på Sandane, vart Eid-jenter 15 år Kretsmeisterar i innandørs fotball. Pappa Stein Inge er stolt trenar og Kristine, nr 2 framme frå venstre, og laget hennar ser ut til å glede seg over resultatet dei også. Jentefotball er og kvinnesak-ei sjøfølgje i Noreg i 2015 . 8 mars 2015 kl. 23.39. Legg inn en kommentar. Abonner på: Legg inn kommentarer (Atom). Ektepar, gift siden 1964, 3 barn, 11 barnebarn.
sastroe.blogspot.com
Hildegard: Gratulerer eldste døtra vår, Audny Møyfrid Strøm Bergset, med 50- årsdagen!
http://sastroe.blogspot.com/2015/03/gratulerer-eldste-dtra-var-audny-myfrid.html
Tirsdag 31. mars 2015. Gratulerer eldste døtra vår, Audny Møyfrid Strøm Bergset, med 50- årsdagen! To gode venner i 2015:. Barnedåp i Stårheim kyrkje og feiring i Torvika 31. mai 1965:. Audny feirar dagen på Fuerteventura i lag med mann, barn, kjærestar og eit tantebarn. Vi har Viktor i pensjon og får litt ekstra trim når vi går kveldstur med han i Malakoff. Det er kuldegrader om natta og skiftande ver dagane, så vi unner jubilanten sol og varme i påskeferien. 31 mars 2015 kl. 23.16. Legg inn en kommentar.